BLI MED PÅ BÅTTUR TIL KALVÅG FOR HAVETS DELIKATESSER OG KONSERT/SHOW

Klosterbåten tek deg med til Kalvåg og Knutholmen for ein triveleg sommarkveld i maritime og ramsalte omgivelsar!

11. JULI FRÅ SELJE/MÅLØY: KLYPASHOW MED KJELL “KJELLEN”

11. JULI FRÅ SELJE/MÅLØY: KLYPASHOW MED KJELL “KJELLEN”

18. JULI FRÅ SANDANE: THOM HELL

18. JULI FRÅ SANDANE: THOM HELL

25. JULI FRÅ SELJE/MÅLØY: OLAV STEDJE

25. JULI FRÅ SELJE/MÅLØY: OLAV STEDJE


FRÅ SELJE/MÅLØY

LAURDAG 11. juli - SOMMARSHOW MED KLYPA og 25. juli KONSERT MED OLAV STEDJE

11. juli er UTSOLGT - 25. juli fortsatt ledige billettar!

Avgang frå Seljevågen i Selje kl. 15:30 og i Måløy plukkar vi opp folk ved hurtigbåtterminalen kl. 16:15. Ombord blir det god sommarsteming med fin musikk og servering av forfriskningar.

Ankomst i Kalvåg kl. 17:30.
11. juli blir det Klypashow med sjølvaste Kjell Kjellen Bigset kl. 18:00.
Servering av middag 20:00.
25. juli blir det middag 19:00 og konsert med Olav Stedje 21:00.

Retur frå Kalvåg 23:00 med ankomst Måløy 00:10 og Selje 01:00.

Du kan velje mellom å berre bestille båt tur/retur til kr. 695,- per person
eller komplett pakke som inkluderar båt tur/retur, servering av 4-retters meny og billett til konsert/show: kr. 1545,-.


FRÅ SANDANE - UTSOLGT
Ønskjer du å stå på venteliste. Send mail til info@fjordguiding.no

LAURDAG 18. juli - Konsert med THOM HELL!!

Avgang gjestehamna på Sandane kl. 17:00.
Turen går langs land på nordsida før ein kryssar Gloppefjorden og rundar Kvitenes. Vidare blir turen ei oppleving i gamalt kulturlandskap når ein passerar gardane Hyenes, Skeistrand og Mettenes. Båten kryssar kommunegransa og entrar Isefjorden før ein passerar Davik.
Det blir sakte fart gjennom den idylliske Rugsundstraumen før ein set opp farten under Hornelen og set kursen ut mot havet gjennom Frøysjøen. Ombord blir det god sommarsteming med fin musikk og servering av forfriskningar.

Ankomst i Kalvåg kl. 19:15 og servering av middag 19:30. Etter måltidet blir det konsert med sjølvaste Thom Hell og bryggedans til sola går ned!

Retur frå Kalvåg 23:00 med ankomst Sandane kl. 01:15.

Du kan velje mellom å berre bestille båt tur/retur til kr. 895,- per person
eller komplett pakke som inkluderar båt tur/retur, servering av 4-retters meny og billett til konsert: kr. 1745,-.


FRÅ NORDFJORDEID

På forespørsel

Avgang gjestehamna på Nordfjordeid (Seawalk) kl. 17:00.
Turen går langs land på sørsida av Eidsfjorden før ein kryssar Isefjorden og passerar Davik. Det blir sakte fart gjennom den idylliske Rugsundstraumen før ein set opp farten under Hornelen og set kursen ut mot havet gjennom Frøysjøen. Ombord blir det god sommarsteming med fin musikk og servering av forfriskningar.

Ankomst i Kalvåg kl. 19:00 og servering av middag 20:00. Etter måltidet blir det levande musikk og bryggedans til sola går ned!

Retur frå Kalvåg 23:00 med ankomst Nordfjordeid kl. 01:00.

Du kan velje mellom å berre bestille båt tur/retur til kr. 795,- per person
eller komplett pakke som inkluderar båt tur/retur, servering av 4-retters meny og billett til konsert: kr. 1645,-.


Er de ei større gruppe som vil på tur?

Vi hentar deg der du held til og tar deg dit du måtte ønske! Send oss gjerne ein førespurnad: